Events

Workshop#2 BetongLEGO

Skrevet av Building Innovation | Oct 2, 2025 10:00:00 PM

14. november 2025 - Bergen

Velkommen til ANDRE workshop i prosjektet betongLEGO!

På denne samlinga skal vi finne ut korleis demontering og uttransportering av plasstøypt betong kan konkurrere med dagens riving og knusing med Grieggarasjen (og kan hende eit anna bygg og) som case.
Kva for moglegheiter og avgrensingar set bygget? Kva slags maskiner og folk må inn? Og kor store og presise bør kutta vere for at det skal bli effektivt å få elementa ut av bygget?

Kvifor bør du delta?
Dersom du deltok sist og syntest det var interessant – kom igjen!
Vi har fått mange tilbakemeldingar på at det var ei samling med mange flinke og engasjerte deltakarar.
Vi vil òg ha deg med om du berre har ei meining om korleis ein kan rive, eller demontere, eit bygg på trygg og effektiv måte. Du treng altså ikkje kunne det – berre ha ei meining.

Agenda:
- Kort oppsummering frå førre workshop og presentasjon av hypotese for BetongLEGO-verdikjeda
- Presentasjon av dagens case og moglegheitsrom: Grieggarasjen
- Workshop: heilt konkret – korleis får vi dette til, steg for steg?
- Presentasjon av konsept i plenum og diskusjon

Kva har skjedd så langt i prosjektet?
Om du vil, kan du lese deg opp på kva vi fann ut på førre workshop – det tek berre 2–3 minutt. (lenke)

Prosessleder for prosjektet er:
Ørjan Kongsvik Aall orjan.aall@pwc.com